1 Corinthians 4NO1938N

1So skal de då halda oss for Kristi tenarar og hushaldarar yver Guds løyndomar!

2Elles vert det kravt av hushaldarar at dei må verta funne true.

3Men for meg hev det lite på seg å verta dømd for dykk eller av ein menneskjeleg domstol; ja, eg dømer ikkje meg sjølv di heller;

4for vel veit eg ingen ting med meg sjølv, men med det er eg ikkje rettferdiggjord; men den som dømer meg, er Herren.

5Døm difor ikkje nokon fyre tidi, fyrr Herren kjem, han som og skal føra fram i ljoset det som er dult i myrkret, og openberra rådene i hjarto; og då skal kvar og ein få si ros av Gud.

6Dette, brør, hev eg yverført på meg sjølv og Apollos for dykkar skuld, so de må læra av oss at ein ikkje skal ganga ut um det som skrive stend, so ingen av dykk skal blåsa seg upp, for den eine i mot den andre.

7For kven gjev vel deg fyremun? Og kva hev du, som du ikkje hev fenge? Men um du no og hev fenge noko, kvi rosar du deg då som um du ikkje hadde fenge det?

8De hev alt vorte mette; de hev alt vorte rike; utan oss hev de vorte herrar! Ja, gjev de hadde vorte herrar, so me kunde vera herrar saman med dykk!

9For eg tykkjer at Gud hev synt oss apostlar fram som dei ringaste, som dømde frå livet; for me hev vorte til eit skodespel for verdi, både for englar og for menneske.

10Me er dårar for Kristi skuld, men de er kloke i Kristus; me er veike, men de er sterke; de er heidra, men me ærelause.

11Alt til denne stund er me både hungrige og tyrste og nakne og slegne og heimlause og mødde,

12med di me arbeider med våre eigne hender; me vert utskjelte - og me velsignar; me vert forfylgde - og me tek det med tol;

13me vert spotta - og me påminner; me hev vorte som avrak i verdi, utskot for alle til denne stund.

14Eg skriv ikkje dette til vanæra for dykk, men av di de er mine kjære born, påminner eg dykk.

15For um de hev ti tusund læremeistrar i Kristus, so hev de då ikkje mange feder; for i Kristus Jesus hev eg avla dykk ved evangeliet.

16Eg legg dykk difor på hjarta: Vert mine etterfylgjarar!

17Difor sende eg dykk Timoteus, som er mitt kjære og trufaste barn i Herren, so han skulde minna dykk um mine vegar i Kristus, soleis som eg lærer alle stader hjå kvar kyrkjelyd.

18Men sume hev blåse seg upp, men di dei tenkte at eg ikkje skulde koma til dykk.

19Men eg kjem til dykk snart, um Herren vil, og fær då læra å kjenna ikkje ordi, men krafti hjå dei som er uppblåsne.

20For Guds rike stend ikkje i ord, men kraft.

21Kva vil de? Skal eg koma til dykk med ris eller med kjærleik og mjuklyndt ånd?

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Corinthians 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.