1 Corinthians 1NO1938N

1Paulus, ved Guds vilje kalla til Kristi Jesu apostel, og broderen Sostenes

2- til Guds kyrkjelyd som er i Korint, dei som er helga i Kristus Jesus, som er kalla, heilage, med alle dei som på kvar stad kallar på vår Herre Jesu Kristi namn, både deira og vår.

3Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Fader og Herren Jesus Kristus!

4Eg takkar alltid min Gud for dykk, for den Guds nåde som er dykk gjeven i Kristus Jesus,

5at de i han er gjorde rike på alt, på all læra og all kunnskap,

6etter di Kristi vitnemål hev vorte rotfest hjå dykk,

7so at det ikkje vantar dykk på nokor nådegåva medan de ventar på vår Herre Jesu Kristi openberring.

8Han skal og styrkja dykk til enden, so de må vera ulastande på vår Herre Jesu Kristi dag.

9Gud er trufast, han som de vart kalla ved til samfund med hans Son, Jesus Kristus, vår Herre.

10Men eg legg dykk på hjarta, brør, ved vår Herre Jesu Kristi namn at de alle må vera samde i dykkar tale, og at de ikkje må skilja dykk i flokkar, men vera fullt sameina i same hugen og i same tanken.

11For av huslyden hennar Kloe er det fortalt meg um dykk, mine brør, at det er kivsmål millom dykk.

12Det er det eg meiner, at kvar av dykk segjer: Eg held meg til Paulus; eg til Apollos; eg til Kefas; eg til Kristus.

13Er Kristus sundskift? Var det Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til Paulus' namn de vart døypte?

14Eg takkar Gud at eg ikkje hev døypt nokon av dykk utan Krispus og Gajus,

15so ikkje nokon skal segja at de vart døypte til mitt namn.

16Men det er sant, eg døypte og huslyden åt Stefanas; elles veit eg ikkje at eg hev døypt nokon annan.

17For Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, ikkje med vise ord, so Kristi kross ikkje skulde missa si kraft.

18For ordet um krossen er vel dårskap for dei som vert fortapte, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.

19For det stend skrive: Eg vil tyna visdomen hjå dei vise og spilla vitet hjå dei vituge.

20Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verdi? Hev ikkje Gud gjort visdomen i verdi til dårskap?

21Jau, etter di verdi ved sin visdom ikkje kjende Gud i Guds visdom, so var det Guds vilje ved dårskapen i denne forkynningi å frelsa dei som trur.

22For jødane krev teikn, og grekarane søkjer visdom,

23men me forkynner Kristus krossfest, som er ei avstyggjing for jødar og ein dårskap for grekarar,

24men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, forkynner me Kristus, Guds kraft og Guds visdom.

25For Guds dårskap er visare enn menneski, og Guds vanmakt er sterkare menneski.

26For sjå på dykkar kall, brør: det var ikkje mange vise etter kjøtet som vart kalla, ikkje mange mektige, ikkje mange høgætta;

27men det som er dårleg i verdi, det valde Gud seg ut, so han kunde gjera dei vise til skammar, og det som er veikt i verdi, det valde Gud seg ut, so han kunde gjera det sterke til skammar;

28og det som er lågt i verdi og vanvyrdt, det valde Gud seg ut, det som ingen ting er, so han kunde gjera det til inkjes som er noko,

29so ikkje noko kjøt skal rosa seg for Gud.

30Men hans verk er det at de er i Kristus Jesus, som for oss hev vorte visdom frå Gud og rettferd og helging og utløysing,

31so at, som skrive stend: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Corinthians 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.