1 Chronicles 9NO1938N

1Alle Israels-menner var innførde i ættelistor; dei er, som me veit, uppskrivne i boki åt Israels-kongane. Då Juda-mennene vart førde av til Babel for skuld svikferdi si,

2var sume av den gamle landslyden buande på eigedomen sin, i byane sine; det var nokre menner av folket og prestar og levitar og tempelsveinar.

3I Jerusalem budde nokre av Juda-borni og av Benjamins-borni og av Efra'ims- og Manasse-borni. Det var:

4Utai, son åt Ammihud, son åt Omri, son åt Imri, son åt Bani, av borni åt Peres Judason;

5og av silonitane: Asaja, den eldste, og sønene hans;

6og av Serahs-sønene: Je'uel og brørne deira, seks hundrad og nitti i talet;

7og av Benjamins-borni: Sallu, son åt Mesullam, son åt Hodavja, son åt Hassenua,

8og Jibneja, son åt Jeroham, og Ela, son åt Ussi, son åt Mikri, og Mesullam, son åt Sefatja, son åt Re'uel, son åt Jibnija,

9og brørne deira etter ættene sine, ni hundrad og seks og femti i talet; alle desse var menner som hadde hovdingrang i ættgreinene sine.

10Og av prestane: Jedaja og Jojarib og Jakin

11og Asarja, son åt Hilkia, son åt Mesullam, son åt Sadok, son åt Merajot, son åt Akitub - han var forstandar for Guds hus -

12og Adaja, son åt Jeroham, son åt Pashur, son åt Malkia, og Masai, son åt Adiel, son åt Jahsera, son åt Mesullam, son åt Mesillemit, son åt Immer,

13og brørne deira - dei var alle folk med hovdingrang i ættgreinene sine, eitt tusund og sju hundrad og seksti i talet, menner som dugde vel til å gjera tenesta i Guds hus.

14Og av levitane: Semaja, son åt Hassub, son åt Asrikam, son åt Hassabja, av Merari-borni,

15og Bakbakkar og Heres og Galal og Mattanja, son åt Mika, son åt Sikri, son åt Asaf,

16og Obadja, son åt Semaja, son åt Galal, son åt Jedutun, og Berekja, son åt Asa, son åt Elkana, som budde i landsbyane åt Netofa-buane.

17Og portvaktarane: Sallum og Akkubb og Talmon og Akiman og brørne deira; Sallum var den øvste av dei,

18og dei stend enno ved Kongeporten, på austsida. Desse var det som var portvaktarar i lægri åt Levi-borni.

19Sallum, son åt Kore, son åt Ebjasaf, son åt Korah, og brørne hans - dei som var av same ættgreini som han, korahitane - hadde fenge det yrket at han skulle halda vakt ved dørstokkane i tjeldet, for di federne deira hadde vakta inngangen til Herrens læger.

20Pinhas, son åt Eleasar, var fyrr i tidi forstandaren deira; Herren var med han.

21Sakarja, son åt Meselemja, vakta møtetjelddøri.

22Dei som var utkåra til å vera vaktarar ved dørstokkane, var i alt tvo hundrad og tolv mann. Dei var uppskrivne i ættelistor etter landsbyane sine. David og Samuel, sjåaren, hadde sett dei inn i embetet deira.

23Dei og sønene deira stod ved portane åt Herrens hus - tjeldhuset - og heldt vakt.

24Etter dei fire himmelættene hadde portvaktarane stødet sitt - mot aust, mot vest, mot nord og mot sud;

25og brørne deira, som budde i landsbyane sine, skulde tid for tid koma og hjelpa dei sju dagar i senn;

26for dei fire gjævaste portvaktarane var stødt i tenesta. Dei var levitar. Kovane og skattkammeri i Guds hus hadde dei og tilsyn med.

27Um natti heldt dei seg kringum Guds hus; for det var dei som skulde halda vakt, og det var dei som laut syta for at portane vart upplatne kvar morgon.

28Sume av levitane hadde tilsyn med dei gognene som vart nytta i gudstenesta, og tok tal på dei, både når dei bar dei inn, og når dei bar dei ut,

29og sume var sette til å taka vare på dei andre gognene - på alle dei gognene som fanst i heilagdomen - og på mjølet og vinen og oljen og røykjelsen og kryddone.

30Det var nokre av prestesønene som laga kryddesalven.

31Mattitja, ein av levitane - han var eldste son åt Sallum, korahiten - hadde fenge det yrket at han skulde laga kakone,

32og nokre av kahatit-sønene, brørne deira, halda tilsyn med skodebrødi og skulde leggja dei fram kvar sabbat.

33Dette var songarane, ættehovdingar hjå levitane; dei heldt til i kovane og var fritekne for onnor tenesta; for dei hadde dag og natt nok å gjera med sitt eige arbeid.

34Alle desse var ættehovdingar hjå levitane, hovdingar i kvar si ættegrein; dei budde i Jerusalem.

35I Gibeon budde Je'uel, far åt Gibeon. Kona hans heitte Ma'aka.

36Eldste son hans var Abdon; so var det Sur og Kis og Ba'al og Ner og Nadab

37og Gedor og Ahjo og Sakarja og Miklot.

38Miklot fekk sonen Simeam. Dei og budde i lag med brørne sine i Jerusalem, midt for brørne sine.

39Ner fekk sonen Kis, og Kis fekk sonen Saul, og Saul fekk sønene Jonatan og Malkisua og Abinadab og Esba'al.

40Son hans Jonatan heitte Meribba'al, og Meribba'al fekk sonen Mika.

41Sønene hans Mika var Piton og Melek og Tahrea.

42Akas fekk sonen Jara, og Jara fekk sønene Alemet og Asmavet og Simri, og Simri fekk sonen Mosa.

43Mosa fekk sonen Bina; hans son heitte Refaja, hans son Elasa, hans son Asel.

44Asel hadde seks søner, og her kjem namni deira: Asrikam, Bokeru og Ismael og Searja og Obadja og Haman. Dette var sønene åt Asel.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Chronicles 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.