1 Chronicles 7NO1938N

1Sønene hans Issakar var Tola og Pua, Jasib og Simron; dei var fire i talet.

2Sønene hans Tola var Ussi og Refaja og Jeriel og Jahmai og Jibsam og Samuel; dei var hovdingar for dei lydane som ætta frå Tola, og djerve hermenner i sine ætter. I Davids tid var dei tvo og tjuge tusund og seks hundrad i talet.

3Sønene hans Ussi var Jisrahja, og sønene åt Jisrahja var Mikael og Obadja og Joel og Jissija; alle fem var dei ættehovdingar.

4Og ikring dei fylkte seg etter ætter og ættgreiner, stridsbudde herflokkar - seks og tretti tusund mann; for dei hadde mange konor og born.

5Brørne deira i alle Issakars-ættene var og djerve hermenner; i alt stod det sju og åtti tusund mann i ættelista deira.

6Sønene hans Benjamin var Bela og Beker og Jediael, tri i talet.

7Sønene hans Bela var Esbon og Ussi og Ussiel og Jerimot og Iri, fem i talet; dei var ættehovdingar og djerve hermenner. I ættelista deira stod det tvo og tjuge tusund og fire og tretti mann.

8Sønene hans Beker var Semira og Joas og Elieser og Eljoenai og Omri og Jeremot og Abia og Anatot og Alemet; alle desse var søner åt Beker.

9I ættelistone deira, der ættene og hovdingane for ættgreinene, djerve hermenner, stod uppskrivne, var dei tjuge tusund og tvo hundrad mann.

10Sønene åt Jediael var Bilhan, og sønene hans Bilhan var Je'is og Benjamin og Ehud og Kena'ana og Setan og Tarsis og Akisahar;

11alle desse var søner åt Jediael, ættehovdingar og djerve hermenner - syttan tusund og tvo hundrad mann som var budde til å fara i herferd.

12So var det Suppim og Huppim, sønene åt Ir, og Husim var ætta frå Aker.

13Sønene hans Naftali var Jahsiel og Guni og Jeser og Sallum; dei var sønene hennar Bilha.

14Sønene hans Manasse var Asriel, som var ætta frå den syriske fylgjekona hans; ho åtte Makir, som vart far åt Gilead.

15Makir tok ei syster åt Huppim og Suppim til kona, og syster hans heitte Ma'aka. Den andre sonen heitte Selofhad og Selofhad hadde berre døtter.

16Ma'aka, kona hans Makir, fekk ein son som ho kalla Peres. Bror hans heitte Seres, og sønene hans var Ulam og Rekem.

17Son åt Ulam heitte Bedan. Desse var søner åt Gilead, son åt Makir Manasseson.

18Han hadde ei syster som heitte Hammoleket; ho vart mor til Ishod og Abieser og Mahla.

19Sønene åt Semida var Akjan og Sekem og Likhi og Aniam.

20Sønene hans Efra'im var Sutelah - hans son heitte Bered og hans son Tahat og hans son Elada og hans son Tahat

21og hans son Sabad og hans son Sutelah - og Eser og Elad. Gat-mennene, dei som åtte heime der i landet, drap dei, for di dei kom dit ned og vilde rana feet deira.

22Efra'im, far deira, syrgde i lenge, og brørne hans kom og vilde trøysta han.

23Sidan gjekk han inn til kona si, og ho vart med barn og åtte ein son, som han kalla Beria, av di dette bar til medan det var ulukke i huset hans.

24Dotter hans heitte Se'era; det var ho som bygde Nedre og Øvre Bet-Horon og Ussen-Se'era.

25Son hans heitte Refa; hans søner heitte Resef og Tela, hans son Tahan,

26hans son Ladan, hans son Ammihud, hans son Elisama,

27hans son Non og hans son Josva.

28Odelslandet og bustadene deira var Betel med bygdene som låg ikring, og i aust Na'aran, i vest Geser med bygdene som låg ikring, og Sikem med bygdene som låg ikring, alt til Gasa med bygdene der ikring.

29Manasse-borni åtte Betsean og Ta'anak og Megiddo og Dor, alle med bygdene som låg ikring kvar av desse byane. I desse byane budde etterkomarane etter Josef Israelsson.

30Sønene hans Aser var Jimna og Jisva og Jisvi og Beria; dei hadde ei syster som heitte Serah.

31Sønene hans Beria var Heber og Malkiel; han var far åt Birsot.

32Heber vart far til Jaflet og Somer og Hotam og Sua, syster deira.

33Sønene hans Jaflet var Pasak og Bimhal og Asvat; so heitte sønene åt Jaflet.

34Sønene hans Semer var Aki og Rohga, Jehubba og Aram.

35Sønene åt Helem, bror hans, var Sofah og Jimna og Seles og Amal.

36Sønene åt Sofah var Suah og Harnefer og Sual og Beri og Jimra,

37Beser og Hod og Samma og Silsa og Jitran og Be'era.

38Sønene åt Jeter var Jefunne og Pispa og Ara.

39Sønene åt Ulla var Arah og Hanniel og Risja.

40Alle desse var søner åt Aser, hovdingar for ættgreinene sine, utvalde stridsføre herkjempor, hovdingar millom fyrstane. I ættelista deira stod det seks og tjuge tusund mann som var føre til å gjera hertenesta.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Chronicles 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.