1 Chronicles 26NO1938N

1Spyrst det um portvaktar-skifti, lyt me fyrst nemna Meselemja Koreson, som var av Asafs-borni og høyrde til Korah-ætti.

2Av sønene hans heitte den eldste Sakarja, den andre Jediael, den tridje Sebadja, den fjorde Jatniel,

3den femte Elam, den sette Johanan og den sjuande Eljoenai.

4So var det Obed-Edom. Av hans søner heitte den eldste Semaja, den andre Josabad, den tridje Joah, den fjorde Sakar, den femte Netanel,

5den sette Ammiel, den sjuande Issakar, den åttande Pe'ulletai; for Gud hadde velsigna han.

6Semaja, son hans, fekk og søner, som vart dei rådande i ætti si; for dei var dugande menner.

7Sønene hans Semaja heitte Otni og Refael og Obed, Elsabad og brørne hans, dugande menner, Elihu og Semakja.

8Alle desse var ætta frå Obed-Edom, både dei og sønene og brørne deira, dugande og sterke menner, som høvde vel til tenesta - i alt tvo og seksti etterkomarar etter Obed-Edom.

9Meselemja hadde og søner og brør, dugande menner - i alt attan.

10Sønene åt Hosa, som høyrde til Merari-borni, var: Simri, hovdingen - han var vel ikkje den eldste, men far hans sette han til hovding;

11Hilkia, den andre, Tebalja, den tridje, Sakarja, den fjorde. Sønene og brørne hans Hosa var i alt trettan.

12Desse portvaktar-skifti, det vil segja formennene deira, var det som saman med brørne sine hadde å syta for vakttenesta i Herrens hus.

13Og dei kasta lut um kvar port alle saman, den minste som den største, etter ættgreinene sine.

14Luten som viste austetter fall på Selemja. For Sakarja, son hans, som var ein klok rådgjevar, kasta dei og lut, og hans lut fall i nord.

15For Obed-Edom fall luten i sud og for sønene hans innmed upplagshuset.

16For Suppim og Hosa fall luten i vest ved Salleketporten åt ålmannvegen som gjeng uppetter, den eine vaktposten jamsides hin.

17På austsida stod seks levitar, på nordsida dagstødt fire, på sudsida og dagstødt fire og ved upplagshusi tvo i senn.

18Ved Parbar på vestsida stod fire attmed vegen og tvo attmed sjølve Parbar.

19Dette var portvaktar-skifti av korahit-borni og Merari-borni.

20Av levitane hadde Akia tilsyn med skattane i Guds hus og med dei tingi som var helga til Herren.

21Sønene åt Ladan - etterkomarane etter gersonitane gjenom Ladan, hovdingane for ættgreinene åt Ladan, gersoniten - var jehielitane.

22Jehielit-sønene Setam og Joel, bror hans, hadde tilsyn med skattane i Herrens hus.

23Spørst det um amramitane og jisharitane og hebronitane og ossielitane,

24og so var Sebuel, son åt Gersom Mosesson, øvste tilsynsmannen yver skattane.

25Frendane hans av Eliesers-ætti var Rehabja Eliesersson og hans son, som heitte Jesaja, og hans son, som heitte Joram, og hans son, som heitte Sikri, og hans son, som heitte Selomot.

26Denne Selomot og brørne hans hadde tilsyn med alt det som var helga til Herren, det som kong David og ættehovdingane millom hovudsmenner yver tusund og yver hundrad mann og herhovdingane hadde helga.

27Det var etter kvar ufred og av herfanget dei hadde helga det, so Herrens hus skulde haldast vel i stand.

28Og alt det som Samuel, sjåaren, og Saul Kisson og Abner Nersson og Joab Serujason hadde helga - alt som nokon hadde helga - det tok Selomit og brørne vare på.

29Av jisharitane hadde Kenanja og sønene hans å syta for dei verdslege gjeremåli i Israel; dei skulde vera tilsynsmenner og domarar.

30Av hebronitane stod Hasabja og brørne hans for styringi hjå Israel på vestsida av Jordan i alt arbeid som skulde gjerast for Herren og i tenesta hjå kongen. Dei var dugande menner, eit tusund og sju hundrad i talet.

31Til hebronitane høyrde Jeria, hovdingen for hebronitane etter deira ættgreiner og huslydar. I fyrtiande året av Davids kongedøme vart det røkt etter millom dei, og då fanst det dugande stridsmenner millom dei i Jaser i Gilead.

32Frendane hans, dugande menner, var tvo tusund sju hundrad, som alle var husfeder. Kong David sette dei yver rubenitane og gaditane og halve Manasse-ætti i alt som skulde greidast for Gud eller for kongen.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Chronicles 26.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.