1 Chronicles 21NO1938N

1Men Satan stod fram imot Israel og eggja David til å telja Israel.

2Då sa David til Joab og herhovdingane: Gakk av stad og tak tal på Israels-folket frå Be'erseba og alt til Dan, og kom so til meg med fråsegn, so eg kann vita kor mange dei er!

3Då sa Joab: Gjev Herren må gjera folket hundrad gonger so mannsterkt som det er no! Er dei då ikkje alle saman dine tenarar, herre konge? Kvifor krev du då dette, herre? Kvifor skal det soleis dragast skuld yver Israel?

4Men kongen stod fast på det han hadde sagt, og gav ikkje etter for Joab. So tok Joab ut og for ikring i heile Israel, og då han kom heim att til Jerusalem,

5gav han David fråsegn um det talet som var kome ut av folketeljingi: I heile Israel var det elleve hundrad tusund våpnføre menner og i Juda fire hundrad og sytti tusund.

6Men Levi og Benjamin hadde han ikkje mynstra saman med hine; for bodet frå kongen var ein stygge for Joab.

7Gud mislika det som var gjort, og han søkte Israel med plagor.

8Då sa David åt Gud: Eg hev synda storleg med di eg gjorde dette; men tilgjev no, Herre, misgjerningi mi! For eg hev fare reint vitlaust åt.

9Men Herren tala til Gad, sjåaren åt David, og sa:

10Gakk av stad og tala soleis til David: So segjer Herren: Tri vilkår legg eg fyre deg; vel eitt av dei, so skal eg laga det so for deg.

11So gjekk Gad til David og sa til han: So segjer Herren: Seg kva du helst vil taka imot,

12anten svolt og naud i tri år, eller at du lyt liggja under for uvenene dine i tri månader, so du ikkje kann koma undan fiendesverdet, eller at Herrens sverd og drepsott kjem yver landet i tri dagar, og Herrens engel herjar i heile Israelsriket! Tenk no etter kva eg skal svara han som hev sende meg!

13David svara: Eg er so hjarteredd; lat meg då helst falla i Herrens hand! For hans miskunn er stor; men i mannehender er eg ikkje huga til å falla.

14So let Herren det koma ei drepsott i Israel, og det fall sytti tusund mann av Israels-folket.

15Og Gud sende ein engel til Jerusalem til å øyda byen. Men då han heldt på med øydingi, såg Herren det, og han angra på ulukka han hadde sendt, og sa til engelen som øydde: Det er nok! Drag no handi til deg att! Herrens engel stod då attmed treskjevollen åt Ornan, jebusiten.

16Då David såg upp og vart var Herrens engel, som stod millom jord og himmel med eit drege sverd i handi og rette det ut mot Jerusalem, då kasta både han og styresmennene seg å gruve, sveipte i sekk.

17Og David sa til Gud: Det var då eg som vilde at folket skulde teljast! Det er eg som hev synda og fare so ille åt. Men desse lambi mine, kva hev dei gjort? Herre, min Gud, lat heller handi di råma meg og ætti mi, men ikkje folket ditt, so det vert heimsøkt!

18Då sa Herrens engel til Gad at han skulde beda David fara upp til treskjevollen åt Ornan, jebusiten, og reisa eit altar der åt Herren.

19So for David dit, soleis som Gad hadde sagt han til i Herrens namn.

20Ornan heldt då på og treskte kveite. Best det var, snudde han seg. Då fekk han sjå engelen, og dei fire sønene hans, som var med han, løynde seg.

21Som no David kom fram, såg Ornan upp og vart var han. Då gjekk han burt frå treskjevollen og la seg på kne for David med andletet mot jordi.

22Og David sa til Ornan: Lat meg få tufti der du hev treskjevollen din, so eg kann byggja eit altar åt Herren der! Lat meg få henne mot fullt vederlag, so sotti kann halda upp og ikkje skal herja folket lenger!

23Då sa Ornan til David: Tak du tufti! Og so må min herre kongen gjera det han tykkjer er best. Sjå her gjev eg deg uksane til brennofferi og treskjesledane til ved og kveiten til matofferet; alt det er ei gåva frå meg.

24Men kong David svara: Nei, eg vil kjøpa det for full pris. Eg vil ikkje taka det som ditt er, og gjeva det til Herren. Eg vil ikkje bera fram brennoffer som eg hev fenge for inkje.

25So gav David seks hundrad sekel gull etter vekt for tufti.

26David bygde der eit altar for Herren og ofra brennoffer og takk og ropa til Herren. Og Herren svara han med eld som kom frå himmelen og for ned på brennofferaltaret.

27So sa Herren til engelen at han skulde stinga sverdet sitt i slira att.

28Då David no såg at Herren hadde høyrt bøni hans på treskjevollen åt Ornan, jebusiten, so ofra han der i den tidi.

29Herrens tabernakel, som Moses hadde late gjera i øydemarki, og brennofferaltaret stod den tid på offerhaugen i Gibeon;

30men David torde ikkje ganga dit og søkja Gud, so forfærd var han for sverdet åt Herrens engel.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Chronicles 21.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.