1Dette var sønene åt Israel: Ruben, Simeon, Levi og Juda, Issakar og Sebulon,
2Dan, Josef og Benjamin, Naftali, Gad og Aser.
3Sønene åt Juda var Er og Onan og Sela; desse tri fekk han med dotter åt Sua, kana'anitarkvinna. Men Herren tykte ille um Er, eldste son åt Juda, og han laga det so at han døydde.
4Med Tamar, sonekona si, fekk Juda sønene Peres og Serah, so han i alt hadde fem søner.
5Sønene åt Peres var Hesron og Hamul.
6Sønene åt Serah var Simri og Etan og Heman og Kalkol og Dara; dei var i alt fem.
7Karmi hadde sonen Akar. Det var han som førde Israel i ulukka, med di han ikkje for ærleg åt med det som var vigt til Herren.
8Etan hadde sonen Asarja.
9Sønene som Hesron fekk, var Jerahme'el, Ram og Kelubai.
10Ram fekk sonen Amminadab, og Amminadab fekk sonen Nahson, som var hovding yver Juda-borni.
11Og Nahson fekk sonen Salma, og Salma fekk sonen Boas.
12Og Boas fekk sonen Obed, og Obed fekk sonen Isai.
13Isai fekk sonen Eliab, det var fyrste sonen hans; den andre heitte Abinadab og den tridje Simea,
14den fjorde Netanel, den femte Raddai,
15den sette Osem, den sjuande David.
16Systerne deira heitte Seruja og Abiga'il. Seruja hadde sønene Absai og Joab og Asael, tri i talet.
17Abiga'il fekk sonen Amasa. Far åt Amasa var Jeter ismaeliten.
18Kaleb, son åt Hesron, fekk born med Asuba, kona si, og med Jeriot; sønene hennar var Jeser og Sobab og Ardon.
19Då Asuba døydde, tok Kaleb Efrat til kona; med henne fekk han sonen Hur.
20Hur fekk sonen Uri, og Uri fekk sonen Besalel.
21Sidan gifte Hesron seg med ei dotter åt Makir, far åt Gilead. Han var seksti år gamal då han tok henne til kona; med henne fekk han sonen Segub.
22Segub fekk sonen Ja'ir, han åtte tri og tjuge byar i Gileadlandet.
23Men gerusitane og aramearane tok frå dei Ja'irsbyane og like eins Kenat med landsbyane som låg ikring - i alt seksti byar. Alle desse var søner åt Makir, far åt Gilead.
24Hesron hadde endå ei kona som heitte Abia; med henne fekk han sonen Ashur som var far åt Tekoa; ho åtte han etter Hesron var avliden i Kaleb-Efrata.
25Sønene åt Jerahme'el, eldste son hans Hesron, det var Ram, den eldste, og Buna og Oren og Osem; dei sønene fekk han med Akia.
26Men Jerahme'el hadde ei onnor kona og, som heitte Atara; ho vart mor åt Onam.
27Sønene åt Ram, eldste son åt Jerahme'el, det var Ma'as og Jamin og Eker.
28Sønene åt Onam var Sammai og Jada, og sønene åt Sammai var Nadab og Abisur.
29Kona åt Abisur heitte Abiha'il; med henne fekk han sønene Akban og Molid.
30Sønene åt Nadab var Seled og Appa'im. Seled døydde barnlaus.
31Appa'im fekk sonen Jisi, og Jisi fekk sonen Sesan, og borni åt Sesan var Aklai.
32Sønene åt Jada, bror hans Sammai, var Jeter og Jonatan. Jeter døydde barnlaus;
33men Jonatan fekk sønene Pelet og Sasa. Dette var sønene etter Jerahme'el.
34Sesan hadde ingi søner, anna berre døtter. Men Sesan hadde ein tenar som var frå Egyptarland og heitte Jarha;
35so let han Jarha, tenaren sin, få dotter si til kona, og med henne fekk han sonen Attai.
36Attai fekk sonen Natan, og Natan fekk sonen Sabad,
37og Sabad fekk sonen Eflal, og Eflal fekk sonen Obed,
38og Obed fekk sonen Jehu, og Jehu fekk sonen Asarja,
39og Asarja fekk sonen Hales, og Hales fekk sonen Elasa,
40og Elasa fekk sonen Sismai, og Sismai fekk sonen Sallum,
41og Sallum fekk sonen Jekamja, og Jekamja fekk sonen Elisama.
42Sønene åt Kaleb, bror hans Jerahme'el, var Mesa, som var eldste sonen hans - han var far åt Sif - og sønene åt Maresa, far åt Hebron.
43Sønene åt Hebron var Korah og Tappuah og Rekem og Sema.
44Sema fekk sonen Raham, som vart far åt Jorkeam, og Rekem fekk sonen Sammai.
45Son hans Sammai var Maon, og Maon var far åt Betsur.
46Efa, fylgjekona hans Kaleb, åtte sønene Haran og Mosa og Gases, og Haran fekk sonen Gases.
47Sønene åt Jehdai var Regem og Jotam og Gesan og Pelet og Efa og Sa'af.
48Ma'aka, fylgjekona hans Kaleb, åtte sønene Seber og Tirhana.
49Ho åtte og sonen Sa'af, som vart far åt Madmanna, og Seva, som vart far åt Makbena og Gibea. Kaleb hadde ei dotter og, som heitte Aksa.
50Dette var sønene hans Kaleb: Sobal, son åt Hur - som var eldste son åt Efrata - og far åt Kirjat-Jearim,
51og Salma, far åt Betlehem, og Haref, far åt Bet-Gader.
52Sønene hans Sobal, far åt Kirjat-Jearim, var Haroe og helvti av Hammenuhot-ætti.
53Kirjat-Jearims-ættene var jitritane og putitane og sumatitane og misra'itane; frå dei hev soratitane og estaolitane kome.
54Sønene åt Salma var Betlehem og netofatitane, Atrot-Bet-Joab, og helvti av manahtitane, soritane.
55Ættene åt dei skriftlærde som budde i Jabes, var titratitane og simatitane og sukatitane. Dette var dei kinitane som var ætta frå Hammat, far åt Rekabs-ætti.