1Sidan bar det so til at Nahas, kongen yver Ammons-borni, døydde, og son hans vart konge etter han.
2Då sa David: Eg vil visa Hanun Nahasson venskap, etter di far hans viste meg venskap. So sende han i veg nokre menner som skulde trøysta han i sorgi yver faren. Då no mennene åt David kom til Ammonitarlandet, til Hanun og skulde trøysta han,
3sa ammonitarhovdingane til Hanun: Trur du det er av di David vil æra far din, at han sender folk som skal trøysta deg? Tru det ikkje heller er av di dei vil ransaka og øydeleggja og njosna ut landet, at mennene hans er komne hit til deg?
4Då tok Hanun sendemennene hans David og let raka dei og klyppa av halve klædnaden deira alt upp åt seten og let dei so ganga sin veg.
5Det kom nokon og fortalde David korleis det hadde gjenge med mennene hans, og kor groveleg dei hadde vorte vanæra. Då sende han folk som skulde møta dei og segja frå kongen: Hald dykk i Jeriko til skjegget dykkar hev vakse ut att, og kom so heim att!
6Då no Ammons-borni skyna at dei hadde gjort David hatig på seg, sende Hanun og Ammons-folket tusund talent sylv til å leiga seg vogner og hestfolk for frå Mesopotamia og frå syrarriket Ma'aka og frå Soba.
7Dei fekk leigd tvo og tretti tusund vogner og so kongen i Ma'aka og herfolket hans. Alle desse kom og lægra seg framfor Medba. Ammons-borni kom og i hop frå byane sine og drog i herferd.
8Då David høyrde det, sende han Joab av stad med heile heren, dei djervaste stridsmennene.
9So drog Ammons-borni ut og fylkte seg framfor byporten; men kongane som var komne, stod for seg sjølve burtpå marki.
10Då Joab såg at han hadde fienden imot seg både framanfor og bak, valde han ut ein flokk av alle dei beste stridsmennene i Israel og fylkte dei mot syrarane.
11Alt hitt folket let han Absai, bror sin, få hand yver, og dei fylkte seg mot Ammons-borni.
12So sa han: Vinn syrarane på meg, so lyt du koma meg til hjelp; og vinn Ammons-borni på deg, so skal eg hjelpa deg.
13Ver djerv, og lat oss syna oss uredde i striden for folket vårt og for byane åt vår Gud; so fær Herren gjera som han tykkjer er best!
14So gjekk Joab fram med fylkingi si og stridde mot syrarane, og dei rømde for han;
15og då Ammons-borni såg at syrarane rømde, so rømde dei og for Absai, bror hans, og drog seg inn i byen. Sidan for Joab heim til Jerusalem.
16Då syrarane såg at dei hadde tapt for Israel, sende dei bod og baud ut dei syrarane som budde på hi sida av elvi; dei kom, og Sofak, herhovdingen åt Hadareser, styrde herferdi.
17Då David fekk spurt det, stemnde han saman heile Israel og gjekk yver Jordan. Då han kom fram til dei, fylkte han heren sin mot syrarane, og dei gav seg i strid med han.
18Men syrarane rømde for Israel, og David drap mannskapet på sju tusund vogner for dei og felte fyrti tusund mann fotfolk; Sofak, herhovdingen, fekk og sin bane der.
19Då mennene åt Hadareser såg at dei hadde tapt for Israels-mennene, gjorde dei fred med David og gav seg under han, og sidan vilde ikkje syrarane hjelpa Ammons-borni meir.