1 Chronicles 17NO1938N

1Ein gong David sat i huset sitt, sa han til Natan, profeten: Sjå, her sit eg i eit hus av sedertre, medan Herrens paktkista stend under nokre tjelddukar.

2Natan svara: Gjer du berre alt som du hev i tankar! For Gud er med deg.

3Men natti etter kom Guds ord til Natan, og det lydde so:

4Gakk og seg til David, tenaren min: So segjer Herren: Ikkje skal du byggja meg det huset eg skal bu i.

5Eg hev då ikkje butt i hus alt ifrå den dag eg førde Israel hit upp, og til denne dag, anna eg flutte frå tjeldbu til tjeldbu, og frå tabernakel til tabernakel.

6Men kvar eg so flutte ikring i heile Israel, sa eg då aldri det til nokon Israels domarar - dei som eg hadde sett til å vakta folket mitt -: Kvifor hev de ikkje bygt meg eit hus av sedertre?

7Og no skal du segja so til David, tenaren min: So segjer Herren, allhers Gud: Eg henta deg frå hamnegangen, der du fylgde saueflokken, og vilde du skulde vera fyrste yver Israel, folket mitt.

8Eg var med deg kvar du gjekk og stod, og rudde ut alle fiendane dine for deg, og eg hev late deg vinna eit namn so stort som dei største på jordi.

9Og eg hev stelt til ein bustad åt Israel, folket mitt; der hev eg sett dei ned, so dei bur i heimen sin og aldri vert uroa meir, og valdsmenner ikkje herjar dei lenger, liksom fyrr i verdi,

10alt ifrå den tidi då eg sette domarar yver Israel, folket mitt, og eg hev døyvt alle fiendane dine. Og no forkynner eg deg at Herren vil byggja eit hus åt deg.

11Når dagane dine er lidne, og du fer til federne dine, då vil eg etter deg reisa upp ein som er av di eigi ætt, ein av sønene dine, og eg vil grunnfesta kongedømet hans.

12Han skal byggja eit hus åt meg, og eg vil tryggja kongsstolen hans til æveleg tid.

13Eg vil vera far for han, og han skal vera son min, og mi miskunn skal eg ikkje taka frå han, soleis som eg gjorde med den som var fyre deg.

14Eg vil lata han få vera i mitt hus og mitt rike til æveleg tid, og kongsstolen hans skal vera uruggeleg i all æva.

15Alle desse ordi og heile denne syni bar Natan fram for David.

16Då gjekk kong David inn og drygde lenge for Herrens åsyn og sa: Kven er eg, Herre Gud, og kva er huset mitt, at du hev leidt meg alt hit?

17Og endå syntest dette deg for lite, Gud, so du tala um huset åt tenaren din langt fram i tidi, og du hev set til meg på menneskevis, so du kunde upphøgja meg, Herre Gud!

18Kva skal so David meir segja til deg um den æra du hev vist tenaren din? Du kjenner då tenaren din.

19Herre! For din tenar skuld og etter ditt eige hjarta hev du gjort alt dette store og kunngjort alle desse store ting.

20Herre! Det er ingen som du, og det finst ingen Gud utan du, etter alt me hev høyrt og spurt.

21Og kvar finst det på jordi eit einaste folk som Israel, folket ditt? - eit folk som Gud sjølv kom og løyste ut, so det skulde vera hans eige folk; det gjorde du av di du vilde vinna deg eit namn med store og agelege verk, med di du dreiv ut heidningfolk for ditt folk skuld, det som du fria ut or Egyptarland.

22Og du gjorde Israel, folket ditt, til eit folk som skulde vera ditt i all æva; og du, Herre, vart deira Gud.

23So lat det no, Herre, standa ved lag i all æva det ordet du hev tala yver tenaren din og huset hans, og gjer som du hev sagt!

24Ja, lat det standa ved lag! Då vert namnet ditt stort i all æva, so dei kjem til å segja: Herren, allhers Gud, Israels Gud, er Gud for Israel! Og huset åt David, tenaren din, kjem til å standa stødt for di åsyn.

25For du, min Gud, hev vitra tenaren din um at du vil byggja han eit hus. Difor hev eg våga meg til å bera denne bøni fram for di åsyn.

26Og no, Herre, du er Gud, og du hev lova tenaren din denne lukka.

27So lat det no tekkjast deg å velsigna huset åt tenaren din, so det må standa urugga for di åsyn til æveleg tid! For det som du, Herre, velsignar, det er velsigna i all æva.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Chronicles 17.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.