1 Chronicles 14NO1938N

1Hiram, kongen i Tyrus, skikka sendemenner til David med sedertre; han sende og steinhoggarar og timbremenner, som skulde byggja eit hus åt han.

2Og David skyna at Herren hadde stadfest kongedømet hans yver Israel; for riket hans hadde vorte lyft høgt for hans eige folk, Israels skuld.

3I Jerusalem tok David seg endå fleire konor, og han fekk endå fleire søner og døtter.

4So er namni på dei sønene han fekk i Jerusalem: Sammua og Sobab og Natan og Salomo

5og Jibhar og Elisua og Elpelet

6og Nogah og Nefeg og Jafia

7og Elisama og Be'eljada og Elifelet.

8Då filistarane høyrde at David var salva til konge yver heile Israel, drog dei ut alle saman og vilde freista å få tak i han; og då David fekk vita det, drog han ut imot dei.

9So kom filistarane og spreidde seg utyver i Refa'imsdalen.

10Då spurde David Gud: Skal eg draga ut mot filistarane? Vil du gjeva dei i mine hender? Og Herren svara: Drag du ut! Eg vil gjeva dei i dine hender.

11So drog dei upp til Ba'al-Perasim. Der slo David dei. Då sa han: Gud hev brote seg igjenom fiendane mine med mi hand, liksom vatn bryt igjenom. Difor var det den staden fekk namnet Ba'al-Perasim.

12Dei let etter seg gudane sine der, og David let mennene sine kasta dei på elden og brenna dei upp.

13Men filistarane kom att og spreidde seg på nytt lag utyver i dalen.

14So spurde David Gud att, og Gud svara: Du skal ikkje draga upp etter dei; snu deg frå dei og gakk utanikring, og gyv so på dei midt for baka-trei!

15Når du høyrer ljoden av steg i toppane på baka-trei, då lyt du brjota fram i striden; for då hev Gud drege ut framfyre deg og vil slå filistarheren.

16So gjorde David som Gud hadde sagt til han, og dei slo filistarheren og elte dei frå Gibeon og alt til Geser.

17Og Davids namn for um alle land, og Herren let det koma ei redsla for han yver alle folkeslag.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Chronicles 14.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.