Bible

Focus

On Your Ministry and Not Your Media

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

1 Samuel 31

:
Norwegian - NO1938N
1 Filistarane gjekk i striden mot Israel. Israels-mennene rømde for dei, og det låg mange falne Gilboafjellet.
2 Filistarane sette etter Saul og sønene hans og felte Jonatan og Abinadab og Malkisua, Sauls-sønene.
3 Striden vart hard ikring Saul; bogeskyttarane kom yver han, og han vart so redd skyttarane at han skalv.
4 sa han til våpensveinen sin: Drag sverdet ditt og renn det igjenom meg, so ikkje desse u-umskorne skal koma og stinga meg i hel og skamfara meg! Men våpensveinen vilde ikkje gjera det - han torde ikkje. So tok Saul sverdet sitt og stupte seg det;
5 og våpensveinen såg at han var slokna, stupte han seg og sitt sverd og fylgde Saul i dauden.
6 Soleis døydde Saul og dei tri sønene hans og våpensveinen og alle mennene hans ein og same dagen.
7 Og Israels-mennene som budde hi sida av dalen, og dei som budde Jordansida, såg at Israels-mennene hadde rømt, og at Saul og sønene hans var falne, tok dei ut og rømde frå byane sine, og filistarane kom og slo seg ned der.
8 Dagen etter kom filistarane og vilde rana det dei falne hadde seg. fann dei Saul og dei tri sønene hans liggjande Gilboafjellet.
9 Dei hogg hovudet av han og rana våpni hans og sende dei ikring i Filistarlandet, alt medan dei bar ut fagnadbodet i avgudstempli deira og for folket.
10 Våpni hans la dei i Astarte-templet, og lekamen hengde dei upp muren i Betsan.
11 mennene i Jabes i Gilead fekk spurt kva filistarane hadde gjort med Saul,
12 tok dei i veg, alle som våpnføre var, og gjekk heile natti; dei tok liki av Saul og sønene hans ned av muren i Betsan, for so til Jabes og brende dei der.
13 Beini deira tok dei og gravla under tamariska i Jabes, og sidan heldt dei fasta i sju dagar.