Bible

Designed

For Churches, Made for Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

1 Corinthians 14

:
Norwegian - NO1938N
1 Trå etter kjærleiken! Streva etter dei åndelege gåvone, men mest etter å tala profetisk!
2 For den som talar med tunga, talar ikkje for menneske, men for Gud; for ingen skynar det, men han talar løyndomar i Anden;
3 men den som talar profetisk, han talar for menneske til uppbyggjing og påminning og trøyst.
4 Den som talar med tunga, uppbyggjer seg sjølv; men den som talar profetisk, uppbyggjer kyrkjelyden.
5 Endå vilde eg at de alle kunde tala med tungor, men heller at de kunde tala profetisk; den som talar profetisk, er større enn den som talar med tungor, utan so er at han tyder det, so kyrkjelyden kann uppbyggjing av det.
6 Og no, brør, um eg kjem til dykk og talar med tungor, kva kann det gagna dykk, um eg ikkje talar til dykk anten med openberring eller med kunnskap, anten med profetord eller med læra?
7 Dersom dei livlause ting som gjev ljod, anten det er ei fløyta eller ei harpa, ikkje gjer skilnad tonar, korleis kann ein skyna det som vert spela fløyta eller harpa?
8 Og um ein stridslur gjev uklår ljod, kven lagar seg til strid?
9 Soleis og med dykk: Um de med tunga ikkje talar tydelege ord, korleis kann ein skyna det som vert sagt? De talar burt i veret.
10 So mange slag mål er der no visst i verdi, og ikkje noko av dei er utan meining.
11 Um eg ikkje kjenner meiningi i målet, vert eg ein framand for den som talar, og den som talar, vert ein framand for meg.
12 Soleis og med dykk: Når de strevar etter dei åndelege gåvone, so søk å dei i rikt mål til uppbyggjing for kyrkjelyden.
13 Difor skal den som talar med tunga, beda um at han kunna tyda det!
14 For um eg bed med tunga, so bed mi ånd, men vitet mitt er utan frukt.
15 Korleis er det då? Eg vil beda med åndi, men eg vil og beda med vitet; eg vil lovsyngja med åndi, men eg vil og lovsyngja med vitet.
16 For dersom du lovar Gud med åndi, kor kann nokon millom dei ukunnige segja amen til di takkebøn? Han veit ikkje kva du segjer;
17 for du held vel ei fager takkebøn, men den andre vert ikkje uppbygd.
18 Eg takkar Gud: eg talar meir med tunga enn de alle;
19 men i ein kyrkjelyd vil eg heller tala fem ord med vitet mitt, so eg kann læra andre, enn ti tusund ord med tunga.
20 Brør, ver ikkje born i vit! Ver born i vondskap, men i vit skal de vera fullvaksne!
21 Det stend skrive i lovi: Ved folk som hev framand tunga, og ved framande lippor vil eg tala til dette folket, og endå skal dei ikkje høyra meg, segjer Herren.
22 So er tungone til eit teikn, ikkje for dei som trur, men for dei vantruande; men profettalen er ikkje for dei vantruande, men for dei som trur.
23 Um heile kyrkjelyden kjem saman, og alle talar med tungor, og det so kjem inn ukunnige eller vantruande, vil dei ikkje segja at de er frå vitet?
24 Men um alle talar profetisk, og det so kjem inn ein vantruande eller ukunnig, so vert han refst av alle, dømd av alle,
25 dei løynde tankane i hjarta hans vert openberra, og so vil han kasta seg å gruve og tilbeda Gud, og vitna at Gud er sanneleg millom dykk.
26 Korleis er det då, brør? Når de kjem saman, hev kvar av dykk ein salme eller ein lærdom eller ei openberring eller ei tunga eller ei tyding: lat alt vera til uppbyggjing!
27 Talar nokon med tunga, so lat det vera tvo eller i det høgste tri kvar gong, og ein i senn, og EIN tyda det!
28 Men er det ingen som kann tyda, so skal han tegja i kyrkjelyden, men tala for seg sjølv og for Gud.
29 Men av profetar tale tvo eller tri, og dei andre døma um det!
30 og fær ein annan ei openberring medan han sit der, so skal den fyrste tegja.
31 For de kann alle tala profetisk, ein i senn, so alle kann lærdom og alle påminning;
32 og profetånder er profetar lydige;
33 for Gud er ikkje ustyrs Gud, men freds Gud.
34 Liksom i alle kyrkjelydane åt dei heilage, so skal kvinnone dykkar tegja i kyrkjelyd-samlingane; for dei hev ikkje lov til å tala, men vera undergjevne, so som lovi segjer.
35 Men vil dei hava greida noko, so lyt dei spyrja sine eigne menn heime; for det er usømeleg for ei kvinna å tala i kyrkjelyd-samling.
36 Eller var det frå dykk Guds ord gjekk ut? Eller er det kome berre til dykk?
37 Trur nokon at han er profet eller åndeleg, so han skyna at det eg skriv til dykk, er Herrens bod.
38 Men um nokon ikkje skynar det, so fær han lata det uskyna.
39 Difor, brør, streva etter å kunna tala profetisk, og hindra ingen i å tala i tungor;
40 men lat alt ganga sømeleg og skipeleg til!