Bible

Power Up

Your Services with User-Friendly Software

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

1 Chronicles 24

:
Norwegian - NO1938N
1 No skal me tala um Arons-sønene og i skifti deira: Sønene hans Aron var Nadab og Abihu, Eleasar og Itamar.
2 Men Nadab og Abihu døydde fyre far sin og hadde ingi søner; det var soleis berre Eleasar og Itamar som vart prestar.
3 Saman med Sadok av Eleasars-sønene og Akimelek av Itamars-sønene skipa David dei i tenestelag etter yrket deira.
4 Men det synte seg at Eleasars-sønene hadde fleire hovdingar enn Itamars-sønene, skipa dei det so at Eleasars-sønene fekk sekstan hovdingar for sine ættgreiner og Itamars-sønene åtte for sine ættgreiner.
5 Det var med lutkasting dei skifte dei, båe ættene; for det fanst heilagdoms-fyrstar og Guds-fyrstar både millom Eleasars-sønene og hjå Itamars-sønene.
6 Semaja Netanelsson, som var skrivar og høyrde til Levi-ætti, skreiv dei upp for augo åt kongen og hovdingane; Sadok, presten og Akimelek Ebjatarsson og ættehovdingane åt prestane og levitane var der og såg på. Dei tok ut ei ættgrein for Eleasar og so til skiftes ei for Itamar.
7 Fyrste luten fall Jojarib, den andre Jedaja,
8 den tridje Harim, den fjorde Seorim,
9 den femte Malkia, den sette Mijamin,
10 den sjuande Hakkos, den åttande Abia,
11 den niande Jesua, den tiande Sekanja,
12 den ellevte Eljasib, den tolvte Jakim,
13 den trettande Huppa, den fjortande Jesebab,
14 den femtande Bilga, den sekstande Immer,
15 den syttande Hesir, den attande Happisses,
16 den nittande Petahja, den tjugande Esekiel,
17 den ein og tjugande Jakin, den tvo og tjugande Gamul,
18 den tri og tjugande Delaja og den fire og tjugande Ma'asja.
19 Dette var den skipnaden dei skulde gjera tenesta si etter, når dei gjekk inn i Herrens hus, soleis som Aron, far deira, hadde sagt dei fyre etter den fyresegni han hadde fenge frå Herren, Israels Gud.
20 Spørst det um dei andre Levi-borni, so var det av Amrams-sønene Subael, og av Subaels-sønene Jehdeja.
21 Av Rehabja-sønene Jissia hovdingen.
22 Til jisharitane høyrde Selomot, til Selomots-sønene Jahat.
23 Sønene [hans Hebron] var Jeria, Amarja, den andre, Jahasiel, den tridje, og Jakamam, den fjorde.
24 Son hans Ussiel var Mika; av sønene hans Mika Samur.
25 Bror åt Mika heitte Jissia; ein av sønene hans Jissia heitte Sakarja;
26 sønene åt Merari var Mahli og Musi, søner åt Ja'asia, hans son.
27 Søner åt Merari gjenom Ja'asia, son hans, var og Soham og Sakkur og Ibri.
28 Mahli hadde sonen Eleasar; men han hadde ingi søner.
29 Til Kis - Kis-sønene - høyrde Jerahme'el.
30 Sønene åt Musi var Mahli og Eder og Jerimot. Dette var levit-sønene etter ættgreinene deira.
31 Dei og kasta lut for kong Davids augo liksom Arons-sønene, brørne deira, og Sadok og Akimelek og ættehovdingane åt prestane og levitane - hovdingen for kvar ættgrein so vel som den yngste samættingen hans - var med og såg på.